Mange sterke inntrykk for Viola og Kanutte

– Vi køyrde rett gjennom slummen den dagen vi kom dit. Det var nesten som å få eit slag i trynet. Då tenkte eg: Er det verkeleg slik?
Nyhende

Sandssokning Viola Andersson (17) er i gang med å fortelje om turen ho og herøyværing Kanutte Kopperstad (18) nettopp har hatt til Kenya.

– Du les jo i aviser korleis det er, men når du først ser det med dine eigne auge blir det meir verkeleg, seier Viola.

Vi møter dei to jentene til ein prat på Herøy vidaregåande skule, der dei begge er elevar, berre ei veke etter at dei kom heim frå den heilt spesielle haustferien i Afrika. Til Kenya reiste dei saman med læraren Steinar Eggesbø Hagen, og elevar frå seks andre skular på Sunnmøre. Det heile var organisert av den lokale bistandsorganisasjonen North South Partnership Aid (NSP-AID).

– Eg var vel kanskje ikkje heilt klar over kva eg gjekk til. Vi veit korleis det er, men det er noko heilt anna å sjå det med sine eigne auge. Du får ei større forståing for korleis realitetane er, og det treff jo ganske hardt då. Det gjer jo det, seier Kanutte.

Her ser du nokre glimt av kva som møtte dei:




«Sunnmøre Home»

Bakgrunnen for at bistandsorganisasjonen inviterer elevar til Kenya, er eit felles prosjekt som organisasjonen og dei vidaregåande skulane på Sunnmøre har. Mellom anna er ein barnelandsby, med eit større felleshus, under oppføring.

– Det heiter «Sunnmøre Home». Då blir det litt personleg, for det er faktisk vi som skal syte for at desse borna får tak over hovudet, og ei seng å sove i. Det blir ikkje eit lite trehus, men eit skikkeleg bygg med vegger, skap og skikkelege do. Det skal vere kvalitet, seier Kopperstad og Andersson engasjert.

SKUR: Ka­nut­te og Viola inn­røm­mer at dei vart let­ta­re sjok­kert over bu­for­hol­da i slum­men. – Det er hu­set dei­ra. Det er berre eit skur, og li­ke­vel be­ta­lar dei 400 kro­ner i hus­lei­ge kvar må­nad. Dei har nes­ten ik­kje straum. Det einaste dei har er ei lita lys­pæ­re i ta­ket. Og skal dei på do må dei gå langt, el­ler be­ta­le mykje pen­gar.  Foto: Privat

Mange sterke inntrykk

Etter kvart som vi pratar med dei to jentene, blir det berre meir og meir tydeleg at turen har gjort inntrykk på Viola og Kanutte.

– Det vart veldig mykje sterke inntrykk, i alle fall dei to første dagane då vi vitja dei to slumområda Kibera og Kawangware. Vi var også på heimebesøk, for å sjå korleis dei bur. Dei kunne bu opp til seks-sju personar på eit område like stort som senga mi. Det er huset deira. Det er berre eit skur, og likevel betalar dei 400 kroner i husleige kvar månad. Dei har nesten ikkje straum. Det einaste dei har er ei lita lyspære i taket. Og skal dei på do må dei gå langt, eller betale mykje pengar. Alt kostar pengar der nede, seier Viola.

– Og når dei ikkje har noko inntekt, kan dei ikkje prioritere det, skyt Kanutte inn.

For Viola var det spesielt ei dame som gjorde eit sterkt inntrykk.

– Vi fekk fortalt ei historie om 24 heimlause born som stod utanfor ein skule i slummen. Dei hadde ikkje nokon plass å gjere av seg, og dei hadde ikkje mat. Foreldra var anten døde, eller så hadde dei berre reist frå borna. Redninga for borna vart ei dame som jobba ved skulen. Det største ønsket for ho var at borna skulle vere trygge. Først sov ho saman med dei i slummen, før ho seinare fekk plass til dei i eit lite klasserom. Der var det berre åtte køyesenger. Det som sjokkerte meg mest var likevel at denne dama hadde ti born frå før av. Ho tok altså ansvar for og viste omsorg for 34 born. Det er heilt utruleg, for ei dame!

TOK AN­SVAR FOR 34 BORN: Viola lét seg im­po­ne­re ekst­ra mykje av den­ne dama. Når ho kom over 24 heim­lau­se born, tok ho an­svar for dei, sjølv om ho al­le­reie had­de ti born frå før. Her er ho inne i klas­se­rom­met, som vart hei­men for dei 24 heim­lau­se bor­na. To­talt had­de dei åtte køye­sen­ger, som dei på bil­det, å dele på.  Foto: Privat

Møtet med borna i slummen

– Borna var det som gjorde mest inntrykk på meg, sjølv om du ikkje kan kommunisere med dei med ord. Du får veldig sterke band til dei, og då er det så trist å tenkje på korleis dei har det, og korleis dei kunne hatt det, meiner Kanutte.

Ho legg til:

– Dei er så glade og blide, sjølv om dei har det så fælt. Men det er fordi dei ikkje forstår det sjølv. Dei forstår ikkje kor fælt dei faktisk har det, seier Kanutte.

Ho meiner vi som bur i Norge har mykje å lære av borna som bur i slumområda i Kenya.

– Vi sit her og klagar over småting, samstundes som dei er takknemlege for det vesle dei har. Her i Norge klagar vi på at vi må på skulen. For dei er det å gå på skule heilt fantastisk. Vi har blitt så glade i borna, men tenkjer vi oss om så veit vi ikkje kva slags framtid dei har. Det er berre elendigheit.

– Utdanning for dei er gull verdt, og det er lite som skal til for at det blir ei veldig stor endring. Men borna i slummen er dessverre født til å feile slik som styresmaktene opererer, legg Viola til.

ALL­TID I GODT HU­MØR: Sjølv om bor­na som bor i slum­men utan­for stor­b­yen Nai­ro­bi i Ke­nya har lite, er dei all­tid i godt hu­mør. – Dei kla­rer å fin­ne mykje gle­de i kvar­an­dre, sei­er Viola Andersson.  Foto: Privat

Store forskjellar

For sjølv om inntrykka frå slummen er sterke nok i seg sjølv, er det kanskje først når ein ser heilskapen at ein forstår alvoret i situasjonen fullt ut.

– Gunnar (NSP-AID-leiar Gunnar Hamnøy, red.mrk) ville gjerne at vi skulle sjå begge sidene av Afrika. Så i tillegg til opplevingane i slummen, fekk vi også sove på det luksushotellet. Man føler jo seg som eit fælt menneske når man reiser frå slummen, og til hotellet, der ein får ete den middagen. Det blir nesten for dumt at nokre skal ha det så bra, når andre har nesten ingenting, meiner jentene.

– Vi køyrde gjennom slummen og såg alt dette, og lenger bak ser du skyskraparane. Det er forskjellar. Når eg tenkjer på Kenya, så tenkjer eg at alt er fattig. Men det er ikkje slik. Det er enorme forskjellar, seier Kanutte.

– Anten er du rik og har alt, eller så er du fattig. Då er du verkeleg fattig, og då kjem du deg ingen veg, seier Viola lettare irritert.

Kanutte og Viola legg heller ikkje skjul på at turen fekk dei til å tenkje på sin eigen livssituasjon.

– Når du er der nede så byrjar jo du å tenke at «eg er faktisk sjukt heldig». Eg får mat på bordet kvar dag, sove i mi eiga senga, gå på skule og ha det godt. Men når du kjem heim blir det likevel fort til at du gløymer det, seier Kanutte.

– Ein får dårleg samvit då, legg Viola til.

"SUNNMØRE HOME": Elevane ved dei vidaregåande skulane på Sunnmøre er mellom dei som samlar inn pengar til prosjektet.   Foto: Privat


Skal samle inn pengar

30. oktober skal elevane ved Herøy vidaregåande skule arbeide ein dag til inntekt for arbeidet som blir gjort for borna i Kenya. Kvar av elevane arbeidar då for 400 kroner, og Kopperstad og Andersson håper at alle vil gjere sitt bidrag. For at medelevane skal få ei betre forståing av kva prosjektet går ut på, skal jentene også halde to foredrag om sine opplevingar, først eitt i forkant av innsamlingsdagen, og deretter eit nytt under den internasjonale dagen ved skulen.

– For oss blir det heilt spesielt i år, for vi kjenner jo nesten dei vi skal arbeide for. Men vi trur og håper det blir meir motiverande også for dei andre elevane når dei no får vite meir om kva prosjektet handlar om. Vi skal i alle fall gjere alt vi kan for å få fram kor viktig prosjektet er. 400 kroner er ikkje så mykje for oss, men for dei er det ein månads husleige, seier dei.

Andersson og Kopperstad fortel vidare at dei aldri har angra på at dei søkte om å få vere med på turen. No råder dei andre skuleelevar til å melde si interesse.

– Mange angrar på at dei ikkje søkte sjølv. Det vil vi absolutt anbefale alle å gjere til neste år. Det heile var veldig trygt, og det var ikkje ein einaste situasjon vi opplevde som ubehageleg.

– Og de kjem sjølvsagt til å følgje prosjektet vidare?

– Vi skal reise ned igjen, det er ikkje noko å stusse i, avsluttar Viola Andersson og Kanutte Kopperstad.

PLAS­TIKK OVER ALT: – Det var vel­dig mykje plas­tikk i ga­te­ne, heilt ekst­remt mykje. Ber­re boss, sei­er Viola og Ka­nut­te. Dei mei­ner det en­kelt kun­ne vore unn­gått, til dø­mes om ein had­de ei inn­sam­lings­ord­ning der ein fekk 10 kro­ner per sekk.  Foto: Privat