Handelsnæringa i Fosnavåg lanserer ny storsatsing:

Lanserer «Superonsdag»

Alle butikkane i Fosnavåg går no saman om ei felles handelssatsing i sentrum, eit tiltak som unekteleg minner om eit tidlegare kjent suksesskonsept i Herøy.

Klare! Denne gjengen med fleire er klare for Superonsdag neste veke. F.v. Thea Nerland, Stine Moltu, Maria Sporstøl Leine, Angela Sychowska, Helen Elisabeth Remøy, Anita Frøystad Beddari og Vivian Håkonsholm. 

Nyhende

– Ja, Seinfredag er nok ei naturleg samanlikning. Dette var eit konsept som etter kvart fredagstacoen kuppa litt ifrå oss, smiler Maria Sporstøl med glimt i auge.