– Viktig å prate om det

Maria Guttelvik og Ane-Olinda Myklebust: Dei to niandeklassingane meiner at det å prate om psykiske vanskar truleg er noko av det viktigaste ein kan gjere for å hindre dårleg psykisk helse. 

Nyhende

Under ungdomsskule-markeringa av Verdensdagen for psykisk helse i Herøy, kom Vestlandsnytt i snakk med elevane Ane-Olinda Myklebust og Maria Guttelvik. Dei delte eigne refleksjonar kring psykisk helse med oss.

– Det er veldig viktig at vi tek opp dette temaet og at det også får sin eigen dag. Det er mange som slit med dårleg psykisk helse, men det er ikkje alltid like lett å sjå det. Derfor er det viktig å prate om det så det kjem fram i lyset, sa Myklebust.

– Ein kan sjølvsagt sjå det i nokre tilfelle. Om folk går mykje åleine, vil det vere viktig å prate med dei. Det skal kanskje ikkje alltid so mykje til. Men det kjem naturlegvis også an på kor alvorleg det er, opplyser Guttelvik.

Vi tilet oss også å stille dei to niandeklassingane spørsmål om forsking som vart referert til i førre veke under ei tilsvarande markering i Fosnavåg. Her presenterte folkehelsekoordinator Tanja Rafteseth nemleg tal som syner at skulestress har blitt ein vesentleg bidragsytar til dårlegare psykisk helse blant ungdom.

– Er det stressande på skulen?

– Tidvis kan det nok vere det. Det som kan vere litt vanskeleg er når tidsfristane hopar seg opp og ein får for mykje prøver og innleveringar samstundes. Då kan vi kjenne litt på det, svara Guttelvik.


Haldor Haugland Hjelmeseth tala for ungdommen på Herøy kulturhus:

– Gøymde meg bak humor

Ungdomsskuleelevane i Herøy fekk noko å tenke på etter å ha høyrt Haldor Haugland Hjelmeseth halde appell på Herøy kulturhus tysdag .