Haldor Haugland Hjelmeseth tala for ungdommen på Herøy kulturhus:

– Gøymde meg bak humor

Ungdomsskuleelevane i Herøy fekk noko å tenke på etter å ha høyrt Haldor Haugland Hjelmeseth halde appell på Herøy kulturhus tysdag .

På skulen vart det etter kvart vanskeleg å konsentrere seg og fokusere. Eg følte at alle andre var flinkare enn meg

Haldor Haugland Hjelmeseth
Nyhende

– Eg hatar fisk, spesielt torsk som er kokt for lenge.

Fleire elevar snur seg mot ein annan og ser litt rart på kvarandre. Kvar vil Haldor Haugland Hjelmeseth med denne appellen skal tru, seier deira heller spørjande blikk. Men det tek ikkje lange tida før Hjelmeseth sjølv adresserer poenget med opningsreplikken.

– Då eg vaks opp, følte eg at det ofte var amper stemning og krangling kring middagsbordet. Torsk minner meg på dette. Betre var det heller ikkje då eg kjende meg behandla ulikt i forhold til ein storebror som alltid fekk skryt. Dette gjorde at eg tidleg fekk kjenne på angst og depresjon, utdjupar han, medan han ser utover ein fullsett sal.

Han har fått ungdomsskuleelevane i Herøy si merksemd. Dei er samla på Herøy kulturhus for å markere Verdensdagen for psykisk helse.

– Ei veksande uro

Hjelmeseth fortel vidare om det som var ein tøff barndom.

– De er no i ei fase av livet der mykje endrar seg. Det som kanskje er viktigast er det at de no etter kvart vil få eit nytt sjølvbilete. Då eg var på dykkar alder, gjekk eg og kjende på ei veksande uro. Eg merka at noko var annleis. På skulen vart det etter kvart vanskeleg å konsentrere seg og fokusere. Eg følte att alle andre var flinkare enn meg, fortel Haldor.

Han forklarar at skulen gjekk høvesvis greitt likevel, bortsett frå matematikk.

– Er det nokon her som ikkje liker matte?

Henda skyt i vêret.

– Det gjer ikkje eg heller. Eg fekk det ikkje til, og det som gjorde det ekstra keisamt var at far min var matematikklærar. Dette førte til at eg heldt fram med å føle at eg var mindre flink enn alle andre, og når ein fortel seg sjølv dette mange nok gongar, byrjar ein til slutt å tru på det. Det gjorde eg.

Gøymde seg bak humor

Løysinga for Haldor blei å gøyme seg.

– Eg gøymde meg bak latter og humor, og til slutt vart eg ein stille gut bakarst i klasserommet som ikkje snakka om problema.

Så tok Haldor eit oppgjer …

Men etter kvart fann mannen som bur i Fosnavåg ut at noko måtte gjerast.

– Eg var kome langt i livet før eg oppsøkte hjelp og tok eit oppgjer med denne realiteten, men no går det betre. Eg har ei fantastisk kone og to flotte born og er no blitt betre. Mykje tid har gått med hjå psykolog og i samtalegrupper. Eg brukar også tida mi på det som gir meg sjølvtillit, som å skrive songtekstar. No jobbar eg også med eit manus til det eg håper skal bli ei bok, forklarar Haldor.

Herøy-mannen håpar han vil nå ut til fleire og ønsker å bruke tid på andre si helse samtidig som han sjølv endå kjempar sin eigen kamp. Han ønsker å senke fordommane han opplever kring psykisk helse.

– Min bodskap til dykk er at de må bruke tid på kvarandre og på dykk sjølve. Et middag i lag, reis på kino, avslutta Haldor til applaus frå forsamlinga.