Kva har statsbudsjettet å seie for Herøy og Sande?

– Må vere litt meir nøkterne

Både Herøy og Sande ligg under landsgjennomsnittet i vekstanslaget for kommunane sine frie inntekter. Dette vil nok bety at ein i begge kommunar vil måtte vere litt meir varsam på gassen det komande året, meiner ordførarane.

Dag Vaagen: Sandeordføraren meiner statsbudsjettet har ein fornuftig profil, men han ser at Sande blir nødt til å bremse opp litt det komande året. Han er heller ikkje begeistra over at Stad skipstunnel ikkje har fått pengar til oppstart i 2020.  Foto: www.mikaelfoto.no

Nyhende

Ei kommune sine frie inntekter består av skatteinntekter og rammetilskot og utgjer om lag 72 prosent av kommunesektoren si samla inntekt. Dette er inntekter som kommunar kan disponere fritt utan andre føringar frå staten enn gjeldande lover og reglar.