«Skrik» av Munch

Måndag vart Statsbudsjettet lagt fram, og éin av mange ting eg leita etter var om det var løyvd oppstartsmidlar til Stad skipstunnel for 2020.

SKRIK: Ed­vard Munch sitt verds­kjen­de må­le­ri. Dagens kå­sør mei­ner dals­fjor­ding Jon Georg Da­len sna­rast bør føre­bu Siv Jensen på eit re­vi­dert penge­krav i re­vi­dert na­sjo­nal­bud­sjett.  Foto: Munchmuseet

Hukommelse har aldri vore hyllevare i dei politiske korridorar

Nyhende

Det var det ikkje, eg fann berre ei kryptisk melding om at saka ligg til gjennomgang i departementet. Eg vart veldig skuffa. Då eg hadde fordøya det, såg eg føre meg det berømte måleriet «Skrik» av Edvard Munch. Ikkje fordi eg trur at kystfolket står på kvar sitt nes og skrik høgt på grunn av total mangel på framdrift, men fordi det er ein parallell mellom skipstunnelen og Munch-museet.