Har sagt opp som kommuneoverlege i Herøy

Nyhende

Torill Myklebust har sagt opp funksjonen sin som kommuneoverlege og vart takka av med blomster på siste møtet i Sjustjerna helse og omsorg. Ho skal etter det som blir opplyst halde fram som fastlege i Herøy. Men etter det Vestlandsnytt kjenner til, forhandlar kommunen no med Myklebust for å få henne til å halde fram som kommuneoverlege. Det er ikkje berre Herøy kommune som opplever rekruttering av kommuneoverlege som utfordrande.