Verdensdagen for psykisk helse vart markert i Fosnavåg på torsdag:

– Ungdommen er stressa

Torsdag samla folk seg i Fosnavåg, der Verdensdagen for psykisk helse vart markert med eit arrangement til ettertanke.

Andrine Berge: Andrine Berge song for dei frammøtte, og det same gjorde Adrian Helde Remøy.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Rundt om kring på allmenningskaia var det fleire lag og organisasjonar som stilte opp. Alle hadde til felles at dei jobbar med psykisk helsefremmande arbeid, og alle hadde noko å glede dei besøkande med, om det var vaflar eller berre ein hyggeleg samtale. Fleire innlegg var det også, mellom vakker song frå Andrine Berge og Adrian Helde Remøy. Eitt av dei var det folkehelsekoordinatoren i Herøy Tanja Rafteseth som stod for. I sitt miniforedrag fokuserte ho på ungdommen.