Utestenginga av Teigenes er oppheva

Islandske myndigheiter har oppheva utestenginga av fem norske ringnotfartøy frå islandsk sone.

OPPHEVA: Utestenginga av Teigenes frå fsike ved Island er oppheva. 

Nyhende

Teigenes frå Herøy var eitt av fem norske ringnotfartøy som det islandske fiskeridirektoratet tidlegare i år vedtok å suspendere. Grunnlaget for vedtaket var kontrollar som hadde avdekka avvik mellom innrapportert og utlossa kvantum av lodde fiska og levert på Island to år tidlegare.

Det har vore knytta stor usikkerheit til om vedtaka ville få konsekvensar for fartøya sitt framtidige høve til å fiske i islandsk økonomisk sone. Den islandske fiskerilovgivinga forbyr i utgangspunktet utskriving av lisensar til utanlandske fartøy som har overtrødd det islandske fiskeriregelverket.

Fiskebåt påklaga vedtaket på vegne av reiarlaga, og i går vedtok det islandske industri- og innovasjonsdepartementet å oppheve samtlige fem vedtak. Saka er med dette endeleg avslutta.

– Fiskebåt har brukt mykje ressursar på å følgje opp saka. Avgjersla er vikti, ikkje berre for dei fem reiarlaga, men også for alle norske fartøy som fiskar i islandsk sone, seier adm. dir. Audun Maråk i ei pressemelding.

– Maråk seier han er nøgd med at sakene no er avslutta.

– Skipperane gjer sitt ytterste for å eswtimere fangstmengda mest muleg korrekt. Feil kan likevel skje, og då er det viktig at eventuelle reaksjonar står i eit rimeleg forhold til alvoret i overtredinga, legg Maråk til.

Loddefisket ved Island er ein viktig komponent i ringnotfartøya sitt driftsgrunnlag.