Både Havella og Herøy Frikyrkjes Sjøspeidarkorps deltek i krafttaket

Illustrasjon:  Foto: Tussa

Nyhende

Tussa er i gang med krafttaket 2019, eit tiltak der lokale lag og organisasjonar kan få sponsorstøtte ut ifrå kor mange stemmer dei får via nettsida www.krafttaket.no innan fristen går ut 15. oktober.

Ein pengepott på 100.000 kroner skal delast ut, og mellom dei lokale deltakarane som har blitt plukka ut til å vere med denne gongen finn vi to organisasjonar frå Herøy, spelemannslaget Havella og Herøy frikyrkje sitt sjøspeidarkorps.

For å vere med må dei deltakande organisasjonane utføre ei god gjering og dei må opplyse om kva pengane dei får i støtte skal nyttast til. For sjøspeidarkorpset sitt vedkomande har dei gjennomført ein storstilt strandryddeaksjon frå land og frå båt i fjøra i området Nærøya, Straumane og holmane rundt. Oppgradering av båtutstyr for å få enda betre moglegheiter for gode opplevingar og læring i båt med båtvett, sjøvett, fiske og fangst, er høgst på sjøspeidarane si ønskjeliste.

Den gode gjerninga som fiolinistane i Havella ynskjer å gjere er å reise rundt på konsertturné på sjukeheimane i Herøy og Sande, noko dei allereie er i gang med å gjere. Pengane dei får til støtte ynskjer dei å bruke på ein felles tur til den sørlege delen av Polen for å treffe barn og unge som spelar polsk folkemusikk.

Dei andre organisasjonane som deltek i krafttaket er BurnOut Dataparty, Hødd Handball, Hovden og Ørsta skulekorps, barnekoret Popkorn frå Vartdal, Åheim Idrettslag, Melshornets venner i Volda, Ørsta Røde Kors omsorg og Hovdebygda idrettslag.