Mange tapte store pengar i kjølvatnet av konkurs:

1,7 million i gjeld og strid rundt ribba lokalitetar

Buet til restauranten ved ferjekaia på Larsnes, som gjekk konkurs i sommar, har ei samla gjeld på over 1,7 millionar kroner.

Ved ferjekaia: Selskapet som overtok restauranten på Larsnes, fekk han før jul i fjor for kr 0,-. Eit halvt år seinare var selskapet Nur AS konkurs, og i buet er det krav på over 1,7 millionar kroner. Foto: Endre Vorren 

Nyhende

Ei rekkje lokale og regionale kreditorar sit att utan betaling for varer og tenester som er leverte til selskapet, som på konkurstidspunktet hadde namnet Nur As. Namnet var, fram til 20. desember i fjor, Naboen Restaurant AS, før selskapet vart selt for kr 0,-.