Stig Remøy med nok ein Rimfrost-siger mot Aker:

Remøy: - Prøvar å slite ut konkurrentar. Aker: - Kjenner oss ikkje att i skuldingane.

Kjell Inge Røkke-eigde Aker Biomarine har nok ein gong tapt ei rettssak mot Stig Remøy sitt krilselskap, Rimfrost.
Nyhende

Denne gongen kom sigeren i ein amerikansk appelldomstol, United States Court of Appeals for the Federal Circuit. Dei er ikkje overtydde i argumentasjonen til Aker Biomarine, og slår fast at ein metode dei har kravd patent for, knytt til utvinning av krilolje, ikkje er patenterbar.