Overfallssaka: Framleis utan gjennombrot

Politiet har framleis ikkje fått eit gjennombrot etter sist vekes overfall av ei herøydame.

Etterforsking: Lensmann Tor Sæther seier politiet ikkje har gode spor å gå etter. 

Nyhende

– Etterforskinga har ikkje leia fram til bestemte personar som kan mistenkjast for overfallet, seier lensmann i Herøy, Sande og Vanylven, Tor Sæther.

Det var førre tysdag at ei kvinne i femtiåra vart overfallen utandørs, litt over klokka 21 om kvelden. To menn prøvde å drage kleda av kvinna, men sidan ho sette seg kraftig til motverje, kom ho seg laus. Mennene sprang deretter frå staden og køyrde vekk i ein bil. Det heile skjedde ved ei adresse i Flusundvegen på Bergsøya.

– Vi er framleis ute etter informasjon, seier lensmannen.

Litt av utfordringa er at politiet verken har signalement på mennene eller opplysingar om bilen dei køyrde vekk i.

Betre med eit tips for mykje

Sæther opplyser at saka framleis blir gitt høg prioritet.

– Vi er interesserte i opplysingar ikkje berre relatert til åstaden, men også i eit større omland. Terskelen for å ta kontakt i denne saka bør vere lågast mogleg. Det er betre med eit tips for mykje enn eitt for lite, seier Sæther.