0,- kroner til Stad skipstunnel på statsbudsjettet

Eit samla næringsliv på kysten er svært skuffa over at det ikkje ligg inne oppstartmidlar til Stad skipstunnel på neste års statsbudsjett.

Stad skipstunnel:   Foto: Stad skipstunnel

Nyhende

- Vi hadde store forventningar til at regjeringa ville gi det endelege klarsignalet til bygging av Stad skipstunnel etter at Kystverket fekk ned kostnadene i prosjektet. Vi trudde også at regjeringa ville følge opp Nasjonal transportplan (NTP) (2018-2029) som dei vedtok i 2017. Vi blei styrka i trua då samferdselsminister Jon Georg Dale i valkampen, lova at han ville innfri valløftet sitt om å jobbe for realisering av Stad skipstunnel, seier styringsgruppa for Stad skipstunell i ei pressemelding måndag.

Dei er klare i talen om at det no er på tide med handling.

- Styringsgruppa for Stad skipstunnel vil minne regjeringa og våre stortingspolitikarar om deira løfte og forpliktingar i forhold til Nasjonal transportplan, og at det no er på tide med handling og ikkje fleire utsettingar for Stad skipstunnel prosjektet

- Stad skipstunnel er ei investering i det Noreg skal leve av i framtida. Ein stor del av verdiane vi skal leve av er knytt til kysten og havet. Sjøen er framtidas transportåre, og realisering av Stad skipstunnel er nødvendig for å realisere den veksten Noreg ønskjer i kyst- og havnæringane, skriv dei.

Klart til bygging

Alt er i praksis klart for bygging av Stad skipstunnel. Han er fullfinansiert i NTP med ein total kostnad på 2,7 mrd. kroner (2016), prisjustert til ca. 2,9 mrd. kroner i 2019. I tillegg står det i NTP at det skal vere byggestart i neste stortingsperiode (2017-2021). Kystverket har etter bestilling frå Samferdselsdepartementet fått ned kostnadene i prosjektet, og meiner at dei kan bygge Stad skipstunnel for 2,7 mrd. kroner (2019 kroner), noko som er nærare 300 mill. kr. under kostnadsramma i Nasjonal transportplan.  Det kjem fram i rapporten «Stad skipstunnel. Videreutvikling og prosjektoptimalisering», som Kystverket overleverte til Samferdselsdepartementet 15. juni 2019.

Prosjektet er elles grundig utreia. Reguleringsplanen er vedtatt, og kostnadane er godt innanfor ramma i Nasjonal transportplan.

- Prosjektet er «gryteklart», og Kystverket ventar no berre på et klarsignal for å kunne starte bygginga. Kystverket har føreslått ein framdriftsplan med byggestart i 2021, og opning av verdas fyrste skipstunnel i 2025. Utan oppstartmidlar på neste års statsbudsjett ser det ut til at prosjektet blir forsinka, og at byggestart fyrst blir mogleg tidlegast i 2022, skriv styringsgruppa.

Dei lister så opp fleire eksempel på kvifor tunellen vil vere eit rett samfunnsøkonomisk val. Dei peikar særs på korleis sjømat-næringa, fraktindustrien og reiselivsnæringa er tent med å få på plass ei snarleg løysing for tunnelprosjektet.