Får ikkje medhald i klage

Gnist Barnehager Myklebust får ikkje medhald i klage på redusert driftstilskot frå kommunen.

KLAGA: Gnist Barnehager Myklebust klaga på redusert tilskot men får ikkje medhald frå Fylkesmannen.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Med redusert barnetal som grunngiving fekk barnehagen nedjustert det månadlege tilskotet frå 1.157.329 kroner til 879.795. Kommunen meinte ein reduksjon i barnetalet på 22 barn, frå 15. desember 2017 til 1. august 2018, utgjorde ei stor aktivitetsendring som utløyste reduksjon i driftstilskotet.