Skadelidande sau måtte avlivast – syndaren stakk av:

- Det er tydeleg at sauen har lidd noko frykteleg

I morgontimane fredag skal ein sau har blitt påkøyrd ute på Løsetstranda. Men så langt har ingen teke på seg ansvaret. Det meiner både saueeigar og politiet er svært trist.

Her ser vi eit bilete som ein forbipasserande tok rett før sauen blei teken hand om av lokale jegerar.   Foto: Tipsar

Nyhende

- Vi vart tipsa av forbipasserande om at ein av sauane våre såg ut til å ha det vondt i veggrøfta ute på Løsetstranda i morgontimane. Og riktig nok, i det vi kom til staden var synet som møtte oss heilt forferdeleg. Det eine bakbeinet til sauen var knekt rett av. Det hang berre att i ein tynn skinnflik. Det andre bakbeinet var også knekt, og det var tydeleg at sauen har lidd noko frykteleg. Vi veit ikkje kor lenge den har lege der i pinslane, men der var mykje blod. Heldigvis fekk vi rask hjelp frå hjortejegerar i Gjerdsvika som fekk avliva dyret.