– Autopass-ordninga er innanfor lovverket

Kontrollutvalet i fylkeskommunen har vurdert lovlegheita av betalingsløysinga for Autopass-ferjekort.

Autopass: Den lite opplysande kvitteringa tilfredsstiller krava, meiner kontrollutvalet.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Bakgrunnen er at publikum har vendt seg til fylkeskommunen med spørsmål rundt dei nye betalingsløysingane. Dei reisande som betalar med Autopass-ferjekort får ei kvittering som verken syner kva turen har kosta eller kva ein har betalt for. Det vert heller ikkje informert om saldo på kortet.