Sjå bilde frå det store moteshowet i Fosnavåg

Nyhende

Om lag 200 gjestar møtte opp på Thon Hotel Fosnavåg for å få med seg det siste innan mote då den lokale handelsnæringa i samarbeid med Brystkreftforeningen inviterte til moteshow onsdag kveld. Showet blei arrangert til inntekt for kreftforsking, spesielt retta mot persontilpassa behandling og seinskade. Leiaren i Brystkreftforeningen på Søre Sunnmøre, Marit Elin F. Falkanger, er strålande nøgd med showet.