Proton må utvide på Mjølstaneset

Proton Elektro veks ut av lokala sine på Mjølstaneset og søkjer om å få kjøpe eit tilleggsareal frå kommunen.

PROTON ELEKTRO   Foto: Jann Flatval

Nyhende

Grunnen skal nyttast til parkering ettersom oppføring av eit nytt lagerbygg vil ta ein del av dagens parkeringsområde. Bedrifta ber vidare om å få permanent løyve til å bruke tilkomstvegen som dei tidlegare fekk dispensasjon på då den opphavlege tilkomstvegen er farleg å bruke.