Køyrde for fort med kommunen sin bil

Politiet har bede Herøy kommune opplyse kven som køyrde ein av kommunen sine bilar på eit bestemt klokkeslett 3. september i år.

Illustrasjon   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Bakgrunnen for oppmodinga er at bilen blei registrert av fotoboksen på Myklebust med ei fart på 62 km/t. Fartsgrensa på staden er 50 km/t. Politiet opplyser at føraren vil få tilbod om å få saka avgjort med forenkla førelegg, og den målte farta vil bli lagt til grunn for storleiken på førelegget.