Bekymringsmeldingar frå Leikanger skule:

Får ikkje svar frå kommunen

I to år har Leikanger skule venta på reaksjon frå kommunen etter bekymringsmelding rundt HMS ved skulen.

BEKYMRA: FAU har meldt inn bekymringar rundt uteområda ved Leikanger skule, men får ikkje svar frå kommunen. 

Nyhende

«Dei to sakene FAU tek opp i dette brevet har, gjennom ulike prosessar vore kommunisert til kommunen i over to år utan at verken FAU eller rektor ved skulen har fått noko tydeleg avklaring. Vi ber difor no om ei omgåande klargjering i forhold til bekymringane som nok ein gong blir knytt til desse forholda».