Mange CV-ar vart utveksla i Herøyhallen på tysdag:

– Dette blei eit vellukka arrangement

Over 40 bedrifter fekk sondert etter potensiell arbeidskraft under jobbmessa som NAV Møre og Romsdal arrangerte i Herøyhallen tysdag.
Nyhende

– Vi har gode erfaringar med NAV-systemet. Dei gongane vi har hatt behov for arbeidskraft har dei vore ein viktig medspelar for oss. Også her i dag har vi fått inn mange CV-ar som vi kjem til å sjå nærare på.