Justerer veglinja på Nørvågvegen

Asplan Viak har søkt om rammeløyve for oppgradering av Nørvågvegen med opprusting av eksisterande veg, etablering av fortau og bygging av ny Vågholmen bru.

NØRVÅG   Foto: Jann Flatval

Nyhende

Dette er dei viktigaste tiltaka utanom lys og andre tekniske anlegg. På strekninga frå Nørvågvegen 13 til 54 skal vegtraseen flyttast noko mot vest. I den samanheng må vinsjehuset ved slippen rivast. Det skal etablerast to kommunale parkeringsplassar som erstatning for parkeringsplassar som blir fjerna langs eksisterande veg.