152 utan arbeid i Herøy

Dei siste tala frå NAV syner litt redusert arbeidsløyse i vår region.

Arbeidsløyse: Tysdag 1. oktober er det jobbmesse i Herøy. Herøy er mellom kommunane som vart hardast råka av smellen i offshorenæringa for nokre år tilbake.  Foto: Illustrasjon: NAV

Nyhende

Men framleis er det vår region som er hardast råka, og framleis ligg Hareid (3,4 prosent) og Herøy (3,3 prosent) høgst i arbeidsløyse i heile fylket.

I Herøy, som vart hardt råka av offshorekrisa nokre år tilbake, er det i dag 152 personar utan arbeid. Av desse er 88 menn og 64 kvinner.

Siste månad har arbeidsløysa gått litt ned (minus 18) i Herøy. 152 arbeidslause er også 23 færre enn for eitt år tilbake.

I Sande er det 3,1 prosent arbeidsløyse. Det er temmeleg stabilt, både i høve til siste månad og situasjonen for eitt år tilbake.

I Ulstein er arbeidsløysa no 2,6 prosent, medan Vanylven kan skilte med 1,6 prosent.

– Framleis er det utfordringar på Ytre Søre. Mellom anna har Kleven og Kongsberggruppen varsla reduksjon i arbeidsstokken, kommenterer NAV-direktør i Møre og Romsdal, Stein Veland.

Han legg likevel til at Søre Sunnmøre likevel har hatt ein nedgang i arbeidsløysa det siste året, på 17 prosent.