Mange klarar ikkje å vente til 1. oktober:

Tjuvstart gav storbeslag

Fiskeridirektoratet, i samarbeid med Kystvakta og Statens naturoppsyn, beslagla i helga 52 ulovlege teiner i ein aksjon på Ytre Søre Sunnmøre.

STORT BESLAG: Store og flotte hummarteiner, dei fleste merka med namn og nummer, som vart stabla om bord i KV Njord etter søndagens beslag. Truleg er dette berre toppen av isfjellet kva angår ulovlege teiner i sjøen.  Foto: Fiskeridir.

Nyhende

– Det er eit nedslåande resultat. Eg må dessverre tilføye «tradisjonen tru», seier seksjonsleiar Karl Anton Lorgen i Fiskeridirektoratet.