Larsnes IL vil utvide hall og kunstgrasbane

Larsnes IL har store planar i åra som kjem. Mellom anna ei utviding av fleirbrukshallen.

Fleirbrukshallen: Larsnes IL har planar om å utvide bygget til «full hall». 

Nyhende

Det kjem fram av eit innspel til revisjon av kommunedelplanen for idrett og fysisk aktivitet. I brevet frå Larsnes IL ved Bård Dalen står «utviding til full hall» som eitt av dei langsiktige tiltaka ein vil ha inn i planen.