Varm og vakker støttekonsert for demenssaka

Støttekonserten «Hold mitt hjerte» for demenssaka fylte Fosnavåg konserthus laurdag kveld, på den internasjonale alzheimerdagen. Ei takksam, stolt og rørt Pergunn Rødseth Gjerdsbakk (46) kunne knapt drøymt om ei flottare ramme for tiltaket hennar.
Nyhende

Pergunn sin far er råka av demens. Fleire i den næraste familien har gått på pårørandekurs og fått mykje viktig lærdom om korleis demens verkar på den som har fått sjukdommen – og belastninga på den nære familien. Pergunn hadde i fleire år tenkt at ho burde gjere noko. For eitt år sidan bestemte ho seg for å arrangere denne konserten.