Knut Arne Høyvik:

Amore

Amore er italiensk og tyder elske, det skal eg kome tilbake til. Vi har eit uttrykk her på Sunnmøre som mange brukar: «Lukka var betre enn åtferda».

Tørr­fisk: Tørr­fisk av skrei, el­ler stoccafisso på ita­li­ensk, er ei like kjend mer­ke­va­re som Coca-Cola i Italia.   Foto: Flickr.com/missbossy

Det var då vi skulle til å gyte at det skar seg for meg, eg visste sjølvsagt kva «å gyte» heiter på engelsk, eg hadde ikkje ein gong notert det

Nyhende

I 2005 sat eg på ei scene i den italienske hamnebyen Genova. Eg hadde fått eit oppdrag, eg skulle møte opp på ei matmesse og fortelje om skreien som kjem inn til kysten for å gyte. I Genova er tørrfisk av skrei, eller stoccafisso på italiensk, ei like kjent merkevare som Coca-Cola.