– Går til oppgåva med audmjukheit

Onsdag kveld vart avtalen spikra. Olav Myklebust (Sp) vert Sande kommune sin ordførar dei komande fire åra.

OLAV MYKLEBUST: Føyer seg inn i rekkje av ordførarar i Sande. 15. oktober er «signingsdagen» for nyeordføraren som er ein av dei med lengst fartstid i Sande kommunestyre.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Det er «dagen derpå» på rådhuset. Vi møter Olav Myklebust i resepsjonen. Nokre minuttar seinare kjem Einar Ekroll (FrP), som har sikra seg posisjonen varaordførar.