Moldskred Renovasjon sponsar Herøy brannvesen med fleire hjartestartarar:

– For oss er dette utruleg viktig

Hjartestartarar finn ein fleire stadar i Herøy, men dette er noko ein ikkje kan få nok av ifølgje Lars Ivar Moldskred og Moldskred Renovasjon som no sponsar brannvesenet med ytterlegare to nye hjartestartarar.
Nyhende

– I Herøy brann og redning har vi éin hjartestartar som er plassert i brannbilen i ytre. Det har også lenge vore snakka om at det burde vere ein hjartestartar i bilen som er stasjonert i Myrvåg, utan at vi har kome nokon veg med det. Eg har sjølv sete i kommunestyret og rekna på budsjetta, og kronene strekk ikkje til i brannvesenet. Vi vert snarare bedne om å kutte, seier driftsansvarleg ved Moldskred Renovasjon Lars Ivar Moldskred.