Inga avklaring i Herøy: Prytz blir kopla til ordførarstolen, men Kvalsvik avviser avtale

Spenninga rundt kven som blir Herøy sin neste ordførar held fram. Tysdag kveld hevdar fleire at ein avtale som gjer Bjørn Prytz til ordførar og Bjarne Kvalsvik til varaordførar skal vere klar. Men sistnemnde avviser denne informasjonen.

BJØRN PRYTZ: Ap leverte eit svakt valresultat, men kan Prytz likevel bli ordførar?  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Det er nytt for meg. Vi har hatt eit godt møte i kveld, og skal møtast til nye samtalar ein av dei komande dagane. Men rollene er ikkje fordelt, seier Kvalsvik i ein kommentar til Vestlandsnytt tysdag kveld.