Avtalen i boks: Bjørn Prytz blir ordførar - Bjarne Kvalsvik varaordførar

Forhandlingsprosessen er over i Herøy og det er Bjørn Prytz (Ap) som blir ordførar etter Arnulf Goksøyr. Bjarne Kvalsvik (Folkelista) blir varaordførar. Med på laget er også KrF og Senterpartiet.

ORDFØRAR OG VARAORDFØRAR: Bjørn Prytz (Ap) blir Herøy sin neste ordførar. Bjarne Kvalsvik (Folkelista) gjer comeback som varaordførar.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

– Det er lenge sidan eg sist tok tre poeng no. Så det var på tide!

Det er den første kommentaren til Herøy sin nye ordførar Bjørn Prytz. Den tidlegare Bergsøy- og Moltu-trenaren får med seg Bjarne Kvalsvik som varaordførar, etter at Ap, Sp, KrF og Folkelista no er einige om eit valteknisk samarbeid.

Mange trudde kanskje Camilla Storøy ville bli Herøy sin neste ordførar, og KrF-leiar Linn-Therese Sævik innrømmer at dei måtte svelge nokre kamelar, men at dei har kome fram til ein avtale dei er fornøgde med.

KrF får leiaren av tre av komiteane.

Vestlandsnytt kjem tilbake med meir.