Trassa regnet for å lære viktig livskunnskap

Sjølv om vêret ikkje var det beste, kosa nærare hundre barneskuleelevar seg på «Førebyggande seglas» i Fosnavåg fredag.
Nyhende

Fredag var det ikkje berre redningsskøyta og deira mannskap som var å sjå ved redningsskøyta si kai på indre hamn i Fosnavåg. Der var også representantar frå både politi, brannvesen og ambulanse. For å ikkje gløyme dei nærare hundre elevane frå skulane Leikanger, Stokksund, Einedalen, Bergsøy og Nerlandsøy. Grunnen til at alle var samla her? Eit ønske om å gi dei unge førebyggande opplæring i viktig livskunnskap.