Slik blir Sande kommunestyre

Dei endelege resultata for kommunevalet i Sande ligg no føre.

SANDE RÅDHUS: Kommunestyrerepresentantane er no klare.   Foto: Endre Vorren

Nyhende

Finteljinga vart avslutta i 18-tida tysdag. Sjølv om Arbeidarpartiet nærmar seg Senterpartiet i prosent, er det ingen endringar i mandatfordelinga, samanlikna med resultatet som vart presentert måndag kveld.

Høgre får åtte representantar, Ap og Sp får fire kvar, Frp kan stille med tre representantar og Tverrpolitisk/Sande Vest får inn to representantar.

Gjerdsvikarane populære

Mellom representantane som utgjer Sande kommunestyre dei neste fire åra, merkar vi oss spesielt at Høgre får inn heile fem kandidatar frå Gjerdsvika. Dermed utgjer gjerdsvikarane over halvparten av Høgre sin representantar. I tillegg til høgt nominerte Wenche Bjørkeng og Tom Inge Pettersen Gotten, har Kristoffer Værnes (27. plass på nominasjonslista), Sindre Slettestøl (22.plass) og Bodvar Husøy (11.plass) alle klatra til ein plass mellom dei åtte som skal representere Høgre ved det komande valet.

Det skal også noverande varaordførar Anne-Marte Skarmyr Beitveit, som melde overgang frå Sande Vest. Ho er elles ein av fire representantar frå øyane. Beitveit og Kari Ristesund er Kvamsøy sine representantar, medan Kaare Worren er Sandsøy sin representant. Begge dei to sistnemnde tilhøyrer Tverrpolitisk/Sande Vest. Også Liv Sæther Myskja frå Haugsholmen er med, no for Senterpartiet.

Klatrar på lista gjer også Kjartan Bleie frå Framstegspartiet, som sikrar seg ein plass mellom dei tre representantane, sjølv om han berre hadde ein 19. plass på nominasjonslista. Han skal representere Frp saman med Einar Ekroll og Marion Flatøy Bringsvor.

Larsnesingen Toril Urkedal gjer også eit hopp. Ho går frå 10. plass på nominasjonslista, og inn mellom Arbeidarpartiet sine fire representantar. Generelt ser vi ein trend der mange larsnesingar gjer eit byks på lista.

Dette er Sande kommunestyre 2019-2023:

Høgre:

Dag Vaagen, Gursken

Inge-Jonny Hide, Gursken

Sindre Slettestøl, Gjerdsvika

Wenche Bjørkeng, Gjerdsvika

Kristoffer Værnes, Gjerdsvika

Anne-Marte Skarmyr Beitveit, Kvamsøy

Bodvar Husøy, Gjerdsvika

Tom Inge Gotten Pettersen, Gjerdsvika

Arbeidarpartiet:

Arnljot Muren, Gursken

Unny Iren Haugen, Larsnes

Trond Torset, Larsnes

Toril Urkedal, Larsnes

Senterpartiet:

Mathias B. Gjerde, Larsnes

Silje Ekroll Riborg, Larsnes

Olav Myklebust, Gursken

Liv Sæther Myskja, Haugsholmen

Framstegspartiet:

Einar Ekroll, Larsnes

Kjartan Bleie, Larsnes

Marion Flatøy Bringsvor, Larsnes

Sande Vest:

Kari Ristesund, Kvamsøy

Kaare Worren, Sandsøy

Betring i valdeltakinga

Deltakinga ved årets val i Sande var også bra. Av sandssokningane med stemmerett røysta totalt 1305 av 1992. Dette gir ein oppmøteprosent 65,51. Spesielt imponerande var deltakinga på Kvamsøy med 78,33 prosent.

Krinsane:

Gjerdsvika 64,64 prosent.

Gursken 59,66 prosent.

Kvamsøy 78,33 prosent.

Sandsøy 68,37 prosent.

Larsnes 68,34 prosent.