Kommentar:

"Høgre merkar regjeringsslitasje i Herøy og Sande"

Etter kommunevalet står vi att med ein relativt lik situasjon i Herøy og Sande.

Endre Vorren, redaktør i Vestlandsnytt.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Høgre gjer nok ein gong eit godt val, og er klart størst i begge kommunar.  Høgre tek 10 av 33 mandat i Herøy kommunestyre. Samstundes tek Høgre 8 av 21 mandat i Sande kommunestyre. Isolert sett er dette kjemperesultat.