Gruppeleiaren for «øyalista»: - Tek resultatet til vitande

Gruppeleiar Bjørn Thore Hansen i Tverrpolitisk valliste for Kvamsøya, Voksa og Sandsøya har ingen særlege reaksjonar å offentleggjere etter måndagens valresultat.

  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Gruppa, oftast kalla Sande Vest, får etter alle solemerke to medlemer av kommunestyret i den komande fireårsperioden. Dermed er gruppa, som i fleire periodar var ein vesentleg maktfaktor i sandepolitiken, monaleg redusert.