Marin Teknikk har signert ny kontrakt på linebåt

Marin Teknikk har inngått avtale med Frøyanes As, Stadtlandet, for levering av design og engineering for ein ny linebåt. Byggeverftet er Tersan Shipyard i Tyrkia. Båten skal være klar for levering i september 2021.
Nyhende

I ei pressemelding frå Marin Teknikk går det fram at fartøyet vil ha ei lengde på 60,50 meter og ha lugarkapasitet for 30 personar. Linebåten skal drive fiske i sydishavet etter «Patagonian Toothfish» og byggast med høg isklasse. Designet har fått namnet MT1112 L. Dette er den 11 båten Marin Teknikk har designet for det største norske linebåtreiarlaget Ervik Havfiske og deira samarbeidspartnarar. Marin Teknikk lovar elles at dette ei kontrakt fleire anerkjende leverandørar i Noreg kjem til å nytte godt av.

Krevjande marknad

Salsdirektør for Marin Teknikk Richard Gjerde seier at dette er ei svært gledeleg og viktig kontrakt i ein krevjande marknad.

- Vi har jobba tett med Stig og Kjell-Magne Ervik og teamet deira i nesten 25 år og vi føler at dette er ein anerkjenning av arbeidet vårt med å teikne trygge, praktiske, miljøvennlege og kosteffektive fiskefartøy spesialtilpassa dei forskjellige fiskeri og havområde dette linebåtreiarlaget operer på, seier Gjerde.

Stor seremoni

Denne kontrakten markerer også ein annan milepåle, då dette er bygg nummer 100 på Tersan Shipyard. Dette vart torsdag i førre veke markert med stor seremoni på verftet, då kontrakten vart signert. Verftet understreka takksemda for at dei i 2010 fekk oppdraget med å bygge eit komplett fartøy, MS Frøyanes. Dette var starten for eit nytt eventyr for Tersan i Tyrkia, som har gjort verftet til eit verdsleiande verft for bygging av spesialskip. Det var Marin Teknikk som også teikna den båten, MT1114, som framleis er den største line båten i verda. Denne båten var også bygd med mykje ny teknologi, bla. med diesel elektrisk framdrift og andre nyskapande løysingar.