Startar opp symjekurs for barn

Neste veke startar Ytre Søre Sunnmøre symjeklubb opp haustens symjekurs for barn på Sunnmørsbadet.

  Foto: Il­lust­ra­sjons­fo­to: Jo­se­fi­ne Spi­ro

Nyhende

– På symjekursa går vi gjennom 20 kjerneøvingar som dannar grunnlag for dei kjernefunksjonane ein treng for å meistre forholda i vatnet og lære å symje, seier leiar for symjeklubben, Robert Kvalsvik.

For å bli symjedyktig, treng ein fire sentrale kjernefunksjonar: «dykke», «flyte», «gli» og «framdrift».

Klubben køyrer tre ulike kurs: «Skildpadde», «Selungen» og «Sel».

– I Skildpadde-kurset er læringsmålet å flyte og dykke – såkalla vasstilvenning. I Selungen-kurset skal ein lære å stupe og skape framdrift ved hjelp av arm- og beinrørsler.

På Sel-kurset er læringsmålet å kunne symje krål og rygg finkordinert. Kravet for å byrje på dette kurset er at ein allereie kan symje krål og rygg på eit vidarekome nivå. Her må elevane symje ti meter, seier Kalsvik.

Øvingane i kursa er lagt til rette for barn frå fireårsalder.