Blir det framleis Høgre-styring, eller...?

Det teiknar til å bli eit svært spennande kommuneval både i Herøy og Sande. Gjennom lesarinnlegg og annonsering ser vi at gruppene har mobilisert kraftig framfor valet.
Nyhende

Uansett valresultat er det klart at Herøy får ny ordførar. Arnulf Goksøyr takkar for seg etter 16 år i ordførarstolen. Han har vore med i kommunestyret i heile 24 år i strekk, ein samfunnsinnsats utanom det vanlege.

Spørsmålet er om Høgre og ordførarkandidat Tine Storøy oppnår like stor oppslutnad som i Goksøyr-tida. Ved førre val i Herøy hadde Ap nesten oppslutnad. Ap har Bjørn Prytz som kandidat til å bli ny ordførar.

Tradisjonelt har Framstegspartiet og KrF vore støtteparti for Herøy Høgre i eit valteknisk samarbeid. Camilla Storøy leier eit revitalisert KrF som også er sugne på politisk suksess. Blir Tine Storøy ny ordførar, med tantebarnet Camilla Storøy som varaordførar? Moglegheita er der.

Parallelt kjempar også Folkelista (Bjarne Kvalsvik) og Sp (Frank Roy Moltu) iherdig, og kan bli maktfaktorar når posisjonar skal fordelast.

I Sande kan det også bli ordførarskifte. Det har i mange år vore slik at Høgre og Sande Vest gjennom eit fleirtal har hatt makta. I år blir dei utfordra av trekløveret Sp (Olav Myklebust), Ap (Arnljot Muren) og Frp (Einar Ekroll). Får desse tre fleirtal, er det nærliggande å tru at dei slår seg saman og fordeler posisjonar seg imellom.

Men politikken er uføreseieleg. Dei gamle vikingane slo seg saman med «den som har mest rikdom», utan å ta omsyn til gamle alliansar. Slik er det gjerne også politisk. Her kan nye konstellasjonar oppstå, i relasjon til moglegheita for makt.

Uansett: Bruk stemmeretten. Å ikkje stemme er det same som å gje ei halv stemme til ein du er usamd med. Godt val!