Er det første gong du røyster?

Slik går du fram på valdagen 9. september

Å røyste er ikkje vanskeleg. Følger du desse fem stega, går det raskt og effektivt. I vallokala er der også valfunksjonærar du kan spørje dersom du lurer på noko.

2: Gjer eventuelle endringar på røystesetlane. Du har ikkje moglegheit til å stryke listekandidatar i årets kommunestyre- og fylkestingsval. Rettleiing står på røystesetelen.  Foto: Illustrasjon: val.no/Valdirektoratet

Nyhende

(Kjelde og illustrasjonar: val.no/valgdirektoratet)

1: Ta røystesetlane du vil bruke: Éin for kommunestyrevalet og éin for fylkestingsvalet. 

2: Gjer eventuelle endringar på røystesetlane. Du har ikkje moglegheit til å stryke listekandidatar i årets kommunestyre- og fylkestingsval. Rettleiing står på røystesetelen.  Foto: Illustrasjon: val.no/Valdirektoratet

3: Brett kvar av røystesetlane med partinamnet inn og feltet for stempling ut – då kan ingen sjå kva du røysar. Det skal ikkje vere konvolutt eller anna omslag rundt røystesetlane.  Foto: Illustrasjon: val.no/Valdirektoratet

4: Gå til ein funksjonær og få eit stempel på utsida av røystesetlane. Begge røystesetlane må ha stempel for å bli godkjende.  Foto: Illustrasjon: val.no/Valdirektoratet

5: Legg dei stempla røystesetlane i valurna.  Foto: Illustrasjon: val.no/Valdirektoratet

Grafikk: Oversikta viser godkjende røyster (prosent) etter parti/valliste i kommunane ved kommunestyrevalet i 2015. Kjelde: SSB/Valdirektoratet  Foto: Grafikk: Josefine Spiro