Klimakampen på borte- eller heimebane

Klimakrisa er høgst reell, over heile verda ser vi at overforbruket har kosta utruleg mykje for miljøet, og forsøpling og øydelegging av naturen skaper både konflikt, naturkatastrofar, hungersnaud med meir.
Nyhende

Mange av partia tar ordet for at vi må kutte, mest mogleg, og helst stengje olje- og gasskrana raskast råd. Flyskam, kjøtskam, bilskam, mykje pisk, men er det der løysinga ligg?

Spørsmålet må ligge i kvar er det Noreg kan bidra mest? Er det her heime på heimebane?

Eller er det i samarbeid med andre land, og hjelpe andre land med å kutte i sine utslepp? Svaret ligg i begge, vi må kunne kutte i eigne utslepp og naturinngrep, og gjere vår del for å rydde opp i blant anna plastforureininga.

Men Noreg sitt aller største bidrag i klimakampen er absolutt på bortebane! Noreg eksporterer i dag naturgass til Europa, blant anna til Storbritannia og Tyskland.

Berre Storbritannia har sidan 1990 kutta over 40 % av utsleppa sine, der norsk gass har vore sterkt medverkande til å kunne kome i mål. I 2008 var der 21 kolkraftverk, no er det igjen 7. Desse skal vere nedstengse innan 2025. Dette er ikkje mogleg utan norsk gass. Storbritannia seier at dei ikkje kan nå sine klimaforpliktingar uten tilgang av gass (som erstattar kol).

Norsk gass har altså redusert utslepp i Storbritannia tilsvarande opptil 3-4 Noreg sine totale utslepp! I tillegg kjem Tyskland.

Polen slepp ut omlag 6 gonger Noreg sine CO2-utslepp. Og omlag 80 % av Polen sitt enerigbehov kjem frå kol. Avgjerda om å bygge gassrør til Polen kan beskrivast som Noregs viktigaste klimatiltak, fordi å erstatte kol med gass i Polen kan redusere store utslepp raskt. Mykje raskare enn utbygging av fornybar energi vil kunne gjere.

Kombinerer ein gassutvinning med karbonfangst, vil ein kunne eksportere karbonfri naturgass til Europa i mange tiår framover, med kun vassdamp som utslepp med sluttbrukar!

Noreg kan då med eksport av norsk gass redusere våre Europeiske naboland sine utslepp med opptil 10 gonger meir enn våre eigne totale nasjonale utslepp!

Vår tids største krise er noko vi må ta på alvor, men då er det viktig å ta innover seg kvar vi legg innsatsen, og kvar den gir størst utteljing.

Der kjem også norsk industri inn i biletet. Med å bidra med utvikling av grøn teknologi, og verte global leverandør av denne, vil vi i enda større grad kunne hjelpe andre land med å kutte i sine utslepp, langt meir enn kva vi nokon gong kan klare åleine.

KrF er klare på at klimakampen skjer i samarbeid med andre land, for å kutte andre land sine utslepp, med å t.d fase ut kolkraftverk.

Klimakampen blir vunnen på bortebane, med internasjonalt samarbeid.

Henning Holsvik


Så mykje CO₂-utslepp hadde dei i løpet av eitt år: Herøy er versting på Søre

I Herøy vart det målt heile 86.907,3 tonn med klimagassar i 2017. Mesteparten skuldast sjøfart innanfor dei geografiske grensene. I Sande er totalutsleppet langt lågare, men utsleppet per innbyggar er likevel høgare.



Trassa forbodet og streika for klimaet

Dei fles­te ele­va­ne i klas­sen drop­pa strei­ke­pla­nen då dei skjøn­te at sku­len vil­le mel­de ifrå til for­eld­ra om skulk. Des­se fem sju­an­de­klas­sin­ga­ne tras­sa for­bo­det for det dei mei­ner er ei særs vik­tig sak.



YHU-elevar i klimastreik: - Vi har forstått alvoret

Fredag flokka elevar frå Ytre Herøy ungdomsskule seg rundt Herøy rådhus og skulka skulen i klima- og miljødebattens namn.

 

Demonstrerte for klimaet

Ele­va­ne ved Bor­ga treng­de ik­kje å streike, for læ­ra­ra­ne var heilt med på no­ta­ne. Dei gjekk i samla tropp ned til Her­øy råd­hus.