Harald Thorseth: ØYA FOLKET FLYTTA IFRÅ

Skorpa kan ved fyrste augekast sjå ut som «eit fjell i havet». Men går du i land, vil du snart oppdage at her også er bøar og marker.

GODE KAMERATAR: Lars L. Skorpen og Gerhard Skorpen som tenåringar i 1935. Dei gløymde aldri kor spennande det hadde vore å utforske vraket av Hofplein – fem år før dette biletet vart teke. På biletet ser vi også sveivegrammofonen til Gerhard, og i bakgrunnen heimen hans. I midten av 1930-åra budde om lag 30 personar på Skorpa. Lars og familien flytta frå Skorpa i 1958 og busette seg på Kvalsund. I 1969 flytta eldste sonen til Sina og Gerhard, Gunnar, til Ulsteinvik. Året etter flytta så resten av familien til Flusund. Dei var dei siste som drog frå Skorpa.  Foto: Astrid Warholm

Her som elles ute på øyane våre, var folk flinke til å ta vare på det vesle som vaks innimellom knausar og knattar.

Nyhende

Siste familien flytta frå Skorpa i 1970. Det vart for tungvint å bu her. I dag er det utgangargeita, den norske kystgeita, som mesteparten av året får rå grunnen åleine på øya. Husa, som stort sett er i god stand, minner ein besøkande om at det eigentleg ikkje er så mange år sidan her budde folk.