Full valkamp også i Sande

Valkampen er no i full gang også i Sande. Fredag var Senterpartiet, Framstegspartiet og Arbeidarpartiet i Gjerdsvika, og laurdag sette dei same partia kvarandre stemne på Kvamsøya og Sandsøya.
Nyhende

Mykje folk var innom standane ved Coop-forretningane på dei ulike stadane, og av tema som vart diskuterte var hamneutbygginga i Gjerdsvika, eventuell skulenedlegging og sjølvsagt kva som kan gjerast for å betre kommunikasjonen til ut-øyane.

Til standen på Sandsøya fekk Senterpartiet besøk av fylkesordførarkandidat Kristin Sørheim og fylkestingskandidat Per Ivar Lied. Utanom besøket på standen besøkte dei også hummarparken til Sandefisk og fekk ei orientering av Anja og Roger Halsebakk om deira planar for reiselivsutvikling på Sandshamna.

Kristin Sørheim hadde med seg ei skisse til bygdevekstavtalar, som ho meiner kan vere eit tiltak som lett kan skreddarsyast for Sande og Vanylven, ikkje minst med tanke på dei samferdsleutfordringane vi står over for. Planen blir presentert i eit lesarinnlegg ein annan stad i avisa.