Demensaksjonen rundt hjørnet

– Det syner seg at noko av det viktigaste vi må minne folk på, er å ha kontantar liggande.

Ytre Søre Sunnmøre demensforening: No­kre av dei som trek­kjer i trå­da­ne: F.v. Jo­runn Johnsen (Her­øy), Kari Ris­te­sund (Sande), Be­rit Kvals­vik Solli (Her­øy), Ven­ke Olsen Knot­ten (Sande).   Foto: Arkiv/Sti­an Langlo Dri­ve­klepp

Nyhende

Det seier leiar i Ytre Søre Sunnmøre Demensforeining, Inger Marie Tofthagen.

I perioden 16. til 22. september går Demensaksjonen av stabelen. Igjen satsar den lokale foreininga på å vere «mellom dei fremste i landet på gjevargjelde» til den viktige saka.

– Alle inntektene går til forsking på å løyse demensgåta. Lokalt har vi sett at folk er veldig flinke til å støtte opp om demenssaka, og det håpar vi held fram. Hugs kontantar, det er ikkje alle som har slikt no for tida, seier Tofthagen til Vestlandsnytt.

Aksjonen har også eit Vipps-nummer, 575081, for dei som ynskjer å gje på den måten.

I Herøy vil ein alliere seg med skuleelevar som går rundt med bøsser, medan ein i Sande har sine faste bøsseberarar som vil gå dør-til-dør.

Elles kan det nemnast at det uavhengig av denne aksjonen også er på gang ein større støttekonsert for demenssaka i Herøy. Her er Pergunn Rædseth Gjerdsbakk primus motor. Det arrangementet kjem vi nærare tilbake til.