Sande formannskap drøfta ferjeanbod:

– Idiotisk med ny rute Larsnes – Åram

Fylkeskommunen sjokkerte med å legge ut ein opsjon med ei mogleg ny rute Larsnes – Åram. I formannskapet vart løysinga stempla som «idiotisk».

Sande formannskap: Frå tysdagens drøftingar i Sande formannskap. F.v. og bakover, vidare mot høgre: Kari Grønnevik (Sp), Jon Garen (Ap), Arnljot Muren (Ap), rådmann Trond Arne Aglen, ordførar Dag Vaagen (H), varaordførar Anne Marte Beitveit (Sande vest), Bjørn Flatøy (Sande vest) og Ruth Anita Hatlebrekke Rekdal (H).  Foto: Endre Vorren

No må vi samle oss, karar

Anne-Marte Beitveit
Nyhende

Saka skulle vere godt kjend for Vestlandsnytt sine lesarar etter artiklane vi har hatt dei seinare vekene. Bakgrunnen er at fylkeskommunen har sendt ut forslag til nytt ferjeanbod for Larsnes-sambandet, der fristen faktisk snart er ute.