Fotballkjendis og MOT-styreleiar Rune Bratseth kom for å dele leiarerfaringar i Herøy:

– Eg vil ha meir «koping»

Under MOT-arbeidet si fane besøkte den meritterte fotballspelaren Rune Bratseth Herøy denne veka, og på rådhuset hadde han erfaringsutveksling med nøkkelpersonar i kommunen.

Rune Bratseth: – I dag skal ein vere på heile tida. Det er ikkje bra. Kroppen treng å kvile for å fungere over tid. Det var noko av det Bratseth hadde å seie til dei frammøtte.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Ein må leite etter «godfoten» til kvar enkelt tilsett

Rune Bratseth
Nyhende

Herøy kommune er med i MOT-programmet «Kommunen som samfunnsbyggar», og av den grunn vanka det besøk av styreleiar i MOT, Rune Bratseth. Over ein lengre periode har Bratseth reist rundt på besøk hos MOT-kommunar.