Øyvind vann plenklippar

I høve lanseringa av ein ny type robotklippar hadde Husqvarna ein nasjonal Instagram konkurranse. Blant 5000 deltakande var der det herøyværingen Øyvind Sundnes Warholm som vann.

Det var litt av ein klippar: Øyvind Sundnes Warholm får overlevert sin nye robotklippar av Magnus Kleven Eriksen frå Cash & Carry. Det er ikkje noko billeg utstyr, premien har ein verdi på 50 000 kroner.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– No er hagestellet også i boks. Robotstøvsugar har gjort susen inne, og det å no vinne seg ein slik robotklippar er no berre topp.