Sparebanken Møre med ny runde:

«Næringsteft»

Martin Jung Leine frå Herøy kom heilt til finalen førre gong. No blir det ein ny sesong av «Næringsteft».

Flowtru: Martin Jun Leine med sitt gründerselskap fekk masse verdfull draghjelp under Næringsteft som vart avslutta sist vår. Og han vart 200.000 kroner rikare. Foto: Sparebanken Møre  Foto: Sparebanken Møre

Nyhende

Sparebanken Møre dreg no i gang den tredje utgåve av «Næringsteft», ei tevling i nyskaping. Topp-premien er nok ein gong på ein million kroner.

– Gjennom å løfte fram skaparglede og talent ønskjer vi å vere med på å styrke næringslivet på Sunnmøre. Næringsteft gir lokale oppstartsbedrifter ekstra gode mogelegheiter til å utvikle seg, som på sikt kan bidra til å skape nye arbeidsplassar.

Det opplyser Sparebanken Møre, ved Hege Karete Hamre, banksjef for næringsliv Søre Sunnmøre, i ei pressemelding.

Hege Karete Hamre: Er ny banksjef for næringsliv i Sparebanken Møre på Søre Sunnmøre. Foto: Marius Beck Dahle  Foto: Marius Beck Dahle

 

I førre runde var det ei rekkje nyskaparar frå vår region som var godt representerte, ikkje minst frå Herøy.

Næringsteft er peila inn mot enkeltpersonar, små eller mellomstore bedrifter med tilknyting til Nordvestlandet.

– Det er flotte pengepremiar til finalistane. Men vel så viktig er premien vi gir alle søkarane i form av ei unik mogelegheit for å få fagleg påfyll frå svært kompetente miljø og personar. Målet er å gi mest mogeleg kompetanse til flest mogeleg. Det er fordi vi veit kor viktig det er å få god draghjelp når ein er i startgropa. Vi vil difor oppmode alle som vil satse på sin forretningsidé til å søke, seier Hamre.

Ros frå Jung Leine

Gründer Martin Jung Leine i Flowtru AS frå Herøy kom på andreplass finalen i fjor, og kunne dermed ta med seg 200.000 kroner heim. Han understrekar at Næringsteft likevel ikkje berre handlar om å vinne pengar:

– Deltakinga har gitt oss masse erfaring, nyttige innspel og materiale. Vi fekk jobba fram enda tydelegare kva Flowtru er og kva produkta våre gjer. Det har også gitt oss eit godt nettverk, positiv omtale i media, og enormt mange gode tilbakemeldingar og stor interesse frå lokalmiljø, vener og kjente, seier Jung Leine i pressemeldinga frå banken.

Stø Technology

Stø Technology AS frå Hareid kom også til finalen fjor. Gründer Arne O. Flø meiner at Næringsteft er eit flott konsept og ein god arena som lyfter fram små gründerar.

– Det kan vere krevjande å orientere seg og finne fram i dette landskapet som ny oppstartsbedrift. Gjennom Næringsteft kom vi til eit dekka bord med både nettverk og mykje god kompetanse, og eg trur mange har fått ein «flying start» gjennom å delta, seier han.

Kompetansereise – no for endå fleire

For det er ikkje berre pengane som skal lokke lokale gründerar til å melde seg på Næringsteft. Nytt av året er i fylgje Sparebanken Møre at programmet er delt i to. Første del er tre samlingar som er opne for alle. Her får deltakarane konkrete verktøy, nyttig kunnskap og eit godt nettverk som skal hjelpe og inspirere dei til å satse vidare på idéen sin.

– På denne måten kan endå fleire vere med lenger og få hjelp til å utvikle idéen sin. Sjølve konkurransen startar ikkje før i del to, i januar. Då vert dei 15 mest lovande bedriftene plukka ut til semifinalen av ein jury. Dei får tilbod om tett oppfølging, og tilgang til eit stort mentorpanel frå våre samarbeidspartnarar. Ikkje minst vil dei få høve til å bli betre kjende med kvarandre, og kan bidra til å utvikle kvarandre.

Det seier Linda R. Grimstad, prosjektleiar for Næringsteft i Sparebanken Møre.

Finalen går av stabelen i mars under investorseminaret «Børs og Bacalao». Der skal dei tre finalistane presenterast, før vinnaren av Næringsteft, og éin million kroner, vert kåra.

Har du ein god forretningsidé, bør du kanskje vere om deg no ...