Stig Remøy om flyttinga av Rimfrost sitt hovudkontor:

– Kommunen viser initiativ først etter at vi har inngått ein avtale

Kort tid etter at nyheita om at Rimfrost flyttar til Ålesund vart kjend tok ordførar Arnulf Goksøyr kontakt med Stig Remøy. Han ville tilby Remøy ei tomt på Mjølstaneset. For seint, meiner Stig Remøy, som samtidig er tydeleg misfornøgd med den kommunale prosessen.
Nyhende

«Hei Stig. Prøvde å ringe deg. Viser til artikkel i Smp om flytting av Rimfrost til Ålesund. Du antydar at de eigentleg ønskjer å etablere ny base på Mjølstaneset. Det er sjølvsagt svært ønskeleg. Dersom det skulle vere aktuelt, har vi ledig ei relativt stor tomt som kommunen eig. Det er også arbeid med å etablere fleire kaier i området rundt denne tomta».