Aktivitetshelga lokka folk ut i ruskevêret

Fredag og laurdag blei det arrangert aktivitetshelg i Fosnavåg, eit arrangement arrangørane no seier seg nøgde med trass i litt surt vêr.

Raske damer: Sunniva Drage (i midten) var raskast blant damene (19.23). Hakk i hel kom Birgitte Kvalsvik (t.v.) (19.43) og Arja Erdal (20.08) (t.h.).  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Eg meiner dette til slutt vart ei veldig kjekk helg, og alt i alt vil eg kalle det ein suksess, etter forholda. Det er spesielt hyggeleg å sjå og høyre at det var mykje folk i sentrum på laurdag. Forhåpentlegvis naut handelsstanden godt av dette også.